Julekonsert med Koronitas og Eirik Søfteland, 16. desember

Koronitas inviterer til julekonsert i vakre og tradisjonsrike Hengjo i Bekkjarvik lørdag 16. desember kl 18.00.
Med både tradisjonell julemusikk, gamle svisker og overraskande repertoar, har konserten noko å by på for ein kvar publikummar.

I år har me med oss sjølvaste Eirik Søfteland, osingen som song seg inn i alle sine hjarte i Idol 2013, vann Skal vi danse same året og deltok i Stjernekamp i 2015.

Hans allsidige og imponerande stemmeprakt passar perfekt i lag med Koronitas sine vakre røster.

Med på laget er som vanleg våre faste eminente musikarar:
Vidar Elholm – tangentar
Morten Færestrand – gitar
Peter Sæverud – bass
Marius Mathiesen – trommer

Konserten passar perfekt i lag med julebordsmiddag på Bekkjarvik Gjestgiveri. Kontakt [email protected] for meir informasjon.

Hjarteleg velkommen til julestemning i Bekkjarvik.

kr 450,00

20 på lager